Botn på pallen i sesongopninga

Johan Olav Smørdal Botn frå Stårheim kjempa seg inn til tredjeplass i herrane sin sprint under sesongopninga i skiskyting på Geilo i dag. Rennet vart vunne av Vetle Sjåstad Christiansen framfor Sturla Holm Lægreid. I kvinneklassen gjekk Maren Hjelmeset Kirkeeide inn til fjerdeplass, berre 3,2 sekund bak pallen etter éin bom. Ho seier til Fjordingen at ho er godt fornøgd med både skytinga og farten i løypa.

















